søndag 27. september 2009

Vått, kaldt og rått over Vikafjell

SMS 27.sept:
Detta ha vore ein av dei tøffaste dagane på heile turen!!
På 45 min var me komne på Hella og vidare derifrå til Vik.
I Vik vart me hengande på Shell for å motivera oss for fjellet i kraftig vind og regn.
Det hjalp lite, men sykkla må me om mi skal koma i mål.
So superduoen slo til, og hadde kun ein stopp frå fjorden opp til toppen og kom oss øve med eit nødskrik.
Me var so blaute at fiskar kunne levd mellom lagi med kle.
Skjelvande måtte me også bytta bremseklossar etter at Sigrid hadde bremsa med føtene ned halve fjellet.
Sia været er så trist, ville mor og far Henjum spandera hytta på oss rett før Voss, og da kan me ikkje seia nei til. So tusen takk, no e me heite og goe.
Og i måro bli da Odda!
Me nermar oss slutten på turen med stormskritt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar