tirsdag 1. september 2009

1.september.Fyrste sykkeldag

Jentene rapporterer fra mobil.
Med 190 i puls og 25 kg på sykklane er duoen i gang med turen.
Kjempefint her oppe med masse reinsdyr, flotte vidder hav så langt vi ser.
Dei fortel at dei vart kjende med ein herleg same, og ellers snakkar dei med alle dei treffer langs vegen. Så framdrifta har berre vore vel 66 km fyrste dagen, og allerede er dei såre både her og der. No har dei funne seg ein fin teltplass, bada i elva og et fruktsuppe og ser lyst på livet med nyinnkjøpte samelestar. I morgon skal dei starta veldig tidleg, far til Nina melder om store nedbørsmengder på ettermiddag.
I dag har dei forresten bestått den stor tunneltesten, ved å sykkla 212 m under havet og 6,8 km lange nordkapptunnelen.

2 kommentarer:

  1. Vi følger spent med,sender gode tanker til dere,stor klem fra tante Karina og guttan

    SvarSlett
  2. hæ sigrid? snakker du med alle du ser? :D sjokk!! GOD TUR jenter! Misunnelig i Oslo!
    Klem Hilde

    SvarSlett