søndag 13. september 2009

REGN, REGN, REGN

13.september
Kort oppsummert dei tre siste dagane: Lofoten på ein og ein halv dag, mykje motvind og regn.
Hyggeleg besøk hjå familien Isdal/Dolmen i Lofoten, vidare med ferje frå Å i Lofoten til Bodø. Ferjemannskapet let dei bruka tørketrommelen ombord.
I Bodø gjekk dei til ei naprapat, Tone, ho knadde på dårlege kne og nakkar så blåfargen kom fram, og dei blei betre.
Laurdagsnatta overnatta dei ved Saltstraumen, og dei steikte hamburgarar på primusen med nydeleg utsikt til Saltstraumen. I dag søndag har dei sykkla ti nye mil, dei fekk haik og øl gjennom ein lang tunnel før Ørnes.
Det har regna 10 av 13 sykkeldagar til no, så det slit på motivasjonen.
Men i kveld kom dei fram til ho Fass (tanta til mor til Nina) og ho tok vel imot dei med tente stearinlys og heimelaga pizza.

I morgon tidleg startar dei opp igjen og skal ta ferje til Kilbogshavn før dei kanskje når MO i Rana, som er målet for mandagen.

1 kommentar:

  1. Dokker e bare helt rå!Vi e så imponert!Her hjemme sykle æ hjemmefra til jobb,over Tromsøbrua og litt til, en tur som e 3km lang,æsykle i regn og blåst...men å sykle hver dag, 10 mil om gangen, i regn som piske i ansiktet og gjør at dekkan sug sæ til asfalten,vel vi skjønne at det kan skorte på motivasjon,men dokker hente jo ny giv fra en eller anna plass,for dokker må jo under ingen omstendigheta glemme koffør dokker egentlig tok denne turen!Vi e så kry!Trø på,dette klarer dokker som bare det:)Knugeklem fra tante Karina:)

    SvarSlett