onsdag 9. september 2009

STORM!!

Bruedn e stengde, ferjedn innstillte og mi bles av vegen!

So i dag ha mi opplevd dan fyrste nordnorske hauststormen. Heftigt! So mi va godt førtvila, då mi ette 5 mil bles av vegen, kræsja i kvarandre og låg i grøfti, kliss blaute og førblesne. Motivasjonen hang i ein tynn tråd. Da va faktisk ikkje mogleg å sykkla. I tillegg til vinden som råsa, piska regnet og trailervinden fekk oss til å sjangla som fyllika på dei tunge sykklane. Gode råd var dyre.. skulle me slå opp teltet og søka ly? Me fann eit einsle hus, men ingen opna når mi hamra på døri.. ut att i vegen, der kom da ein kassa bil. Mi vifta me armane og fekk han ti å stoppa. Mi stoppa rett mann, han va som sendt frå himmelen. Han hadde plass ti oss og syklane, han hadde 3 Statoilkoppa på deshbordet så me fekk kaffi og bolla på nærmaste stopp. Vinden blei faktisk so galen at han hadde problem me å holda bilen på vegen. Hina deg! So mi sat faktisk på heilt ti Sortland. Over Tjeldsundbrua var det 23 m/s. Her i Sortland ha Nina ein grandonkel som bur, han Jan og ho Ranveig, so mi ha fått husly her i stormen. Dusj og go kveldsmat ha mi og fått. Flott!

So livet snudde frå heilsvart ti lyserosa på kort tid. Spennande og hygglege folk øve alt!
Mi ha snakka ein del om turen i dag.. e da lov å haika når været e så dårleg.. kva e reglane for denna turen? Men reglane laga mi jo sjølve, og i dag va da nødhaik. Og Norge på langs er 250 mil og med alle våre avstikkarar, Tromsø, Lofoten og Vestlandet blir det over 290 mil. Så me har jo litt å gå på. So vegen vert til når me syklar og kva som skjer med oss, vind, vær og folk på vegen veit me heldigvis ikkje. Det er det som gjer denna turen til eit slikt eventyr.

Tuusen takk kjære Leif for turen, du er dagens helt. Han driv eit selskap som heiter www.arcticmarine.no

I måro skal det (berre!) vera kuling, so mi skal vel fortsetta ut Lofoten. Hurra for sykkeltur i september! :)

2 kommentarer:

  1. Hei Nina og Sigrid.
    Kansje dikka har pungtert nokon gonger?
    Ein gong rir du kansje på han Lucas i frå Nordkapp til Lindesnes.
    kansje eg og ho Helene får sitte på ein gong Sigrid:)
    God tur vidare.
    Helsing Helene 11 år og Renate 8 år

    SvarSlett
  2. Hei jenter.Vi tenker på dere ,rett dere gjorde;fikk haik og kom i hus,Sikkerheta kommer først!!Ps.jeg har hatt en fantastisk tur til Riga,men skulle gjerne ha vært sammen med dere da dere var i Tromsø...Hørte at det var han Hermod, onkelen til Frank ,dere traff på i Badderen,artig.Trø på vidre.dette klarer dere fint.Knugeklem fra tante Karina.

    SvarSlett