lørdag 5. september 2009

Regn og skodda, mi smile lell :)

I dag ha mi kjempa oss opp Kvænangsfjellet, ikkje så høgt, rett over 400 moh, men bratt! Og det er tungt med over 25 kg på sykkelen. Det regna og var slik skodda at me kunne knapt sjå håndi føre oss. Resten av dagen ha da og regna jamnt. Mi kan nesten ikkje gå, låri e knallharde, og rompa ser ut som ein usteikt hamburgar. So HERLE! Mi ler oss i hjel av alt som e artigt, som feks at mi nesten ikkje kan gå, alle dei kjekke folki mi møte og av at folk meina mi e galne som gjere detta på denna tiden av året.

No etter å ha sykla 11 mil i dag, ringte mi på ei dør, før å spyrja om mi kunne telta i hagen... Og vips, no site mi her i ein go sofa, ete heimelaga pizza og nyte superkosle selskap me Monica, Ronja og Scotty (hunden) som bur her! Som sendt frå oven! :) Hurra!

I morgon bli da to ferje og (berre) 7 mil til Tromsø, der heile familien til Nina ventar. Mi gler oss :)

1 kommentar: