søndag 20. september 2009

Dovre, her kjemme mi!

Ti mil var ingen sak i går på E6 med sol og sommartemperatur! Og med haik gjennom nokre lage tunnelar før Trondheim var mi plutsleg i Trøndelags hovedstad! Her fekk mi invitert oss sjøl inn til ein kompis av Sigrid, Christian, som tok godt i mot oss. So etter enda ei natt under tett tak, er mi så rusta som mi kan bli for 18 mil med oppoverbakka mot Dovrefjell. Og værmeldingane seie det vert regn i mange dagar og minusgrader på natta oppå fjellet. So jippi, dette bli spennande! Mi kan ikkje sei ant enn at mi gleda oss.

I går va mi innom Verdalen der mi fekk tak i ein ny naprapat. Han va endå verre enn dan forrige, stakk nåler i låret til Sigrid (for å laga blødningar!! hæ??) og knakk nakken nesten rundt på Nina. Han meinte mi er galne som driv med dette utan å ha trena noko særleg på førehand og på denna årstiden. Han anbefalte mange kviledagar, men har me tid til slik latskap? ånei.

Så med godt mot salar mi no på våre trufaste stålhestar og set nasen mot Dovre. Jess!

1 kommentar:

  1. Inn i Dovregubbens rike.Dovre har moskusen i kommunevåpnet,som står for stolthet,stahet og styrke,og det kan sikkert trengs over fjellet.Lykke til,og trø på,vi e kjempestolt,dette klarer dere som bare det.Alle hilser så masse.Knugeklem fra Tante Karina:

    SvarSlett