lørdag 26. september 2009

Kviledag i Sogn

Dette vart andre kviledagen på heile turen, og mi føler han var velfortjent og i aller høgaste grad naudsynt. Låri smiler og rompa pustar letta ut! :) Mi ha vore hjå frisøren, Sigrid ha styra med og frisert hesten sin, og mi ha sove og ete godt. Mor og far på Henja hadde flagga då mi kom og ha stellt med oss etter beste evne.

I posten hadde selskapet Outdoor sendt oss ein pakke med gode energibarar, Honey Stinger heite dei. Tusen takk! So no e mi klare og utkvilde før mi susa ut fjorden og skal opp Vikafjellet. Her ska mi klatra 1000 høgdemeter og prøva å komma oss heilt til Voss. Dei flotte værdamene på TV lovar oss kraftigt regnvær og oppimot kuling frå sør. Det er nett slik mi likar det, mi veit faktisk ikkje om noko anna, for slik har det vore mest heile turen. Rynkene rekk ikkje setta seg og vinden bles oss midt i trynet, slik at me ikkje klarar anna enn å smila.

Tru det eller ei, men om 7 dagar skal(må!) mi vera på Lindesnes! Men fyrst ventar meir av Sogn, so Hardanger, Haukelifjell og Setesdalen. Flotte område som mi gler oss til å sykla gjennom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar