fredag 2. oktober 2009

FERDIG MED 270 MIL PÅ SYKKEL

Kl 1615 i dag kom mi ti Lindesnes! Soli skein frå blå himmel og vennina/sambuar ti Nina, ho Anne og faren til Anne sto klare med plakatar, Norske flagg og sjampanje! Fyrvoktaren kom og med Nordkapp-Lindesnes boki så mi fekk skriva oss inn. Mi e komne på heimasida til Lindesnes fyr og! sjekk: http://www.lindesnesfyr.no/?page=301&menu=1&id=826

I jaor va da nest siste sykkel dag, og mi sykla 11 mil! Mi kom ti Grindheim, rett før Byremo, der mi banka på ei dør og fekk komma inn. Anne og Karl var kjempekoslege, redde opp senge og laga nydleg frukost til oss i dagtidleg. Tusen takk!

I dag va da lett å sykla 7,5 mil i sol og med relativt flat veg. På vegen ut var mi litt stille og kjende på ein litt merkeleg følelse. Eventyret er ferdigt! 32 dagar på tur, 30 dagar på sykkelsetet, med ca 8 mil i gjennomsnitt kvar dag. Totalt er heile turen på ca 270 mil!

Ikkje har mi punktert, ikkje har mi krangla, men du som mi har frose! Snø, kuling, storm og uendeleg mykje regn. Det ha regna 22 av 32 dagar!

Det mi kjem til å hugsa best og det som har gjordt turen til eit utruleg eventyr er alle dei fantastiske gjestfrie folki, nydeleg natur, mykje vær og mi har hatt da så moro! Motivasjonen har vore den tøffaste utfordringa på denna turen. Korleis skal ein klara å motivera seg til feks å sykla over Vikafjellet på 1000 moh i regn, motvind og sludd? Bussen har ledige seter og alle folk susar forbi i dei heite vasstette bilane sine, medan me er blaute til skinnet og melkesyra svir i låri. Det har vore tungt og lærerikt. Ei oppleving for livet.

No oppleve mi endå meir gjestfriheit her på sørlandet. Familien til Anne i Kristiansand har teke godt i mot oss, og mi ha fått nydeleg middag og vin. Her skal mi sova til i morgon, då vert det tog til Oslo og velfortjent fest!

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Gratulerer.Tenk så er turen over,det må være veldig godt å være i mål,men samtidig litt rart også.Dere får ha god tur hjem, og god fest.ps. det blir litt rart nå å ikke skulle gå inn på bloggen og sjekke kor gullstjerna er, som æ har gjort morra,middag og kveld:) Mange gratulasjona til dere begge fra oss i Tromsdalen, og en laaaaaang knugeklem fra tante Karina:)

    SvarSlett